![]() |
| Turen startar |
![]() |
| Vi fekk rom med utsikt. |
Dagen etter var det å kjøpe togbillett som inkluderte talet på dagar vi hadde tenkt å bruke på turen. Då slapp vi tenkje meir på togbillettar mm. Veldig greit. Vi tok toget tilbake til Riomaggiore. Den sydlegaste av byane.
Etter å ha vandra i byen litt, begynte vi på turen. Første del gjekk langs havet.
Det hadde vore skogbrann dagen før så det kom fly som fylte nytt vatnet frå havet medan vi gjekk. Eg blei så fascinert at det blei ein del forsøk på å få tatt bilete av flyet idet det fyller opp med sjøvatn.
![]() |
| Detalj i Manarola |
Første strekket var enkelt. Vi var i Manarola før vi fekk sukk for oss. Som i alle byane vi kom til, måtte vi fotografere og vandre rundt. Så vakkert og triveleg!
Det såg ut til at vegen frå Manarola til Corniglia òg skulle gå langs havet, men der blei vi stoppa. Det hadde vore eit ras så vi måtte finne opp i fjellsida for å kome oss vidare. Kva gjorde vel det? Det var ganske bratt å kome seg oppover, men vi fekk skikkeleg premie for å slite litt. Vandring mellom vinrankar og i olivenlundar er sjeldan feil. Det var lett å gå litt feil, så følg med på kartet og merka.
![]() |
| Manarola |
Fleire tok toget til Corniglia. Men spreke vestlandsgeiter driv ikkje med slikt. På denne tida av året er det lite vandrande folk, så vi helsa blidt på alle vi møtte. Temperaturen var perfekt for vandring. T-skjorte og lett sekk. Hugs vatn.
Vinmarkene er i fjellsida slik at den gamle vegen mellom byane gjekk på desse hyllene. Til tider litt smalt. Vi fann ein liten landsby oppi fjellsida. Der hadde vi tenkt å ete litt, men der var dei ikkje så serviceinnstilt... Vi fekk omsider kake og kaffi av ei småsur ung jente. Ho mjuknast litt opp etterkvart, men kunne nok tent på at fleire turistar kom innom og fekk liv i ho.
Vi avslutta dagen med å traske ned alle trappene frå Corniglia til jernbanestasjonen. Vel vitande om at vi måtte traske dei opp igjen neste morgon.Toget tilbake til Monterosso. Vi hadde fått tips av eit amerikansk ektepar om restauranten Baldevere. Den låg under jernbanen. Her åt vi fiskemiddag og var vel nøgde med innsatsen.

Neste dag var det frukost ved havet. I oktober. For ein fryd. Tog tilbake til stoppstaden: Corniglia. Opp alle trappene, finne merket og vandre. Denne dagen skulle vi ha dei lengste strekka og det meste oppe i fjellsida. Men først måtte vi jo fotografere. Byane er pitoreske og vakre. Tusen motiv og flotte fargar.Like fin vandring i fjellsida i dag og ned til den byen som dei fleste fotograferer mest: Vernazza. Den ligg så fint på odden og husa held seg tett saman. Og så er det enkelt å fotografere byen på veg ned. Kanskje derfor. Dei andre byane er like fine.
Vi åt litt her før vi vandra siste strekket til by nr 5. Vår Monterosso. Dette strekket var nok det tyngste, men òg det som skikkeleg fekk oss til å nyte vandring, sol og livet. Rett før vi nærma oss Monterosso, oppdaga vi ein som hadde laga seg ein liten butikk bak gjerdet og mellom tre og buskar. Han selde sitronsaft med og utan alkohol. Musikken kom frå mobiltelefonen. Friskt og morsomt innslag.

Denne turen var verkeleg ei reise verd. Eg har høyrt at det er mange folk på sommarstid, men det var ikkje problemet no. Det var passe. Og på dei lengste strekka var det få. Trur kanskje flokkdyret tar toget??Å kjøre bil mellom byane er ikkje ei enkel sak, så ta toget. Toget er effektivt og går ofte.
Vi tok båten frå Monterosso til Riomaggiore og toget derfrå. Veldig kjekt å sjå byane frå havet etter at vi hadde sett dei frå fjellsida.
Rett etter at vi hadde vore der, blei byane utsett for ein forferdeleg flom som øydela mykje. Men eg veit dei jobbar hardt for å rydde opp og gjere det like vakkert som før.
Lenkjer:
http://www.cinqueterre.com/eng/
http://www.in-italia.dk/italien/ligurien/cinque-terre/?gclid=CMCZ35iBuq4CFYFzmAodlTfkNg
http://travel.nytimes.com/2007/08/05/travel/05hours.html
http://www.lonelyplanet.com/italy/cinque-terre














