| Og der var eg i gang |
Eg fann fram kartet. Fekk eit par vener til å sjå på det og så sette eg i gang. Dei tipsa om nokr stader. Eg hadde lese om nokre. Men det blei mykje Provence.
Etterkvart tente eg på Normandie. Men ka med det i mellom? Her er eg blank. Ei lenkje som gav nokre innspel var:
33 ting å gjere i Frankrike
| Etter twitring, lesing og surfing.. |
No hamna St. Michel og kyrkjegardane i Normandie brått på kartet. Cassis i sør blei twitra om i rosande ordelag. Lot-dalen likeins. Carcassonne var visst òg ei reise verd.
No må det lesast litt meir. Men dette kan bli ei travel og spennande reise.
Andre lenkjer eg fann:
Biltur i Frankrike
Offisiell guideside
Ja mange fleire òg, men dei var meir nede i detaljane og kjem vel fram etterkvart.
1 kommentarer:
Fantastisk. Eg har så vidt sendt ut bloggen så kom tipsa: "Du må absolutt dra til Bayeux i Normandie, til Omaha Beach og se kirkegårdene og til Mont St Michel. Bodd der, elsker og returnerer." Twitter er effektivt.
Legg inn en kommentar