Vi kom med flyet til Paris, fekk kofferten (noko vi var spent på) og rett til Avis. Her blei vi skuffa. Dei hadde ikkje bilen vår inne, hadde visst ikkje hatt den i går heller. Vi måtte velge ein større og dyrare. Merkeleg ordning. Men bilen var fin. Ein Ford Grand C-max. Deilig å kjøre. 6 gir!
Eg har med GPS heimanfrå. Den fungerer flott.
Det er noko med klokkeslett for når lunsj sluttar og middag startar som vi må få med oss. No var vi for seine til lunsj og absolutt ikkje klar for middag.
Etter Bayeux drog vi til Pointe du Hoc. Militærtspråk for 2.verdskrigen var Utah. Flott kjøretur på landet. Besøket var mektig. Å tenkje på at her har soldatar klatra opp klippeveggar redde for å døy. Og på toppen var tyskarar som var like redde. Kjente på stemninga. Våte, kalde og redde. Og klare for å sloss for fridomen. Forstår ikkje heilt koss dei kom opp. Det var stupbratt. Heile angrepet i Normandie var prega av overrasking. Hitler venta dei i Calais. Sterk historie.
Vi var trøytte og slitne etter få timar med sømn og lang reise, så vi bestemte oss for å kjøre mot St.Michel for å finne ein stad å sove. Vi hamna i Villedieu les Poeles. Ein nydeleg liten by. Trykte på GPS -en etter hotell i nærleiken og hamna på Le Fruitier hotel og restaurant. Nyoppussa rom, knalltøffe. Litt slitne gangar. Og restauranten? Fantastisk mat og knallgod vin. Men vi er jo i Frankrike. Internett på rommet er gratis. Vi treng no ei lang natt og litt langtidsplanlegging, noko som kan vere ei utfordring for oss :).
| Le Fruitier |
0 kommentarer:
Legg inn en kommentar