søndag 10. juli 2011

Arcachon

 
Etter ei god natt og god frukost var vi klar for vår Ford S-Max igjen.Målet var Arcachon. Ester Moe hadde tipsa på twitter. GPSen fekk ordren og vi sette i gang. Motorveg ca 3 timar. Forbi flotte solsikkemarker og etterkvart vinrankar. Ut mot havet. I sol og varme. Vel framme vandra vi langs havet og kjente lukta av fisk og sjø.

Fersk fisk til middag?
Fascinerande å sjå folk som står klar med posar og vesker for å få tak i fersk sjømat når fiskeutsalet ved sjøkanten opna kl 15. Ikkje akkurat slik vi har det heime.

Byen har enormt med seglbåtar. Mange flotte hus, men og mange som treng renovering. Vi bestemte oss for at vi ville bu her i staden for å leite etter hotell om kvelden. Gårsdagen var i tankane. Fekk eit rom Hotel Le Nautic. Hadde tenkt oss til den største sanddyna i Europa i kveld, men vi trengte ein kveld i ro. Ungdommen sov litt. Eg surfa litt og tenkte på vinglaset eg skulle hatt ved sida av senga. Men det kom seinare på kvelden. Til middagen. I kveld ville eg ha biff. Nesten å banne ved havet, men det var no det eg ville. Nydeleg biff. Tynne stykke med foie gras og poteter. Og deilig Bordeauxvin. Folk er stolte av å presentere den lokale vinen. Vi er i Bordeaux må vite.

Rart forresten i kjøre i Calvados, forbi skilt til Cognac og byen Bordeaux. Her er vi der mat og drikke er kultur. Har til no ikkje smakt dårleg vin, ei heller dårleg mat. Det har vore klasse på alt.

Hotellet er enkelt, men har det vi treng. I morgon blir det sanddyne og litt strender før vi kjører mot Carcassonne.

0 kommentarer: