Første stopp var gamlebyen og borga. Kjent og flott. Vi vandra rundt, men bestemte oss for ikkje betale for å kome inne i sjølve borggården. Det var mykje å sjå innanfor murane utanom. Mellom anna fekk vi oppleve den nydeleg akustikken det var i kyrkja. 5 menn song utruleg vakkert.
Etter det var det ut på vegen igjen. Neste mål var Port du Gard, Avignon. Å kjøre på motorvegane i Frankrike går fort 130 km i timen med korte stopp på alle dei bomstasjonane dei har plassert langs vegen.
Fotoapparatet har svikta. Det vil ikkje fokusere. Kanskje ein fordel for dei som skal få gleda av mine motiv. Blir færre borgar og kyrkjer av slikt. Eg må nok finne ein serviceplass.... Eller kjøpe ny linse på vegen. Har jo lyst på ei 50mm og ei makrolinse...

Akvadukten i Port du Gard var flott. Utruleg ingeniørskap. Vi registrerte at mange kom med håndkle på armen, store konevesker vandra avgarde med mor på slep. Såg i alle fall nesten sånn ut. Etter kvart forstod vi. Akvadukten gjekk over ei elv. Ei stor, flott badeelv. Kanoar til leige ein eller annan stad i nærleiken. Folk sykla langs elva, ungar stupte uti. Det var sommarliv. Så når de først skal betale 15€ for å parkere og beundre akvedukten, ta med badetøy og kanskje lunsjen?
Vi bestemte oss for at kvelden kom vel fort og droppa Avignon. Innrømmer at det veit eg ikkje om var så lurt då vi kjørte forbi den flotte bymuren. Men, men. Vi hadde bestilt rom på Novatel Aix-en-Provence. Her var det basseng, og temperaturen ute er høg så vi satsa på badeliv. Og vi hadde jo eit lite håp om opptur for den misfornøydde etter forrige hotell. Hotellet låg litt utanfor Aix. Flott resepsjon. Tristare gang og ok rom. Men bare så vidt i følge sjefkritikaren. Eg syns det var ok.Vi hadde lurt på å bu her to netter, men er no usikre. Kanskje prøve å kome oss til Nice fort? Men å finne noko der kan bli ei utfordring.
Hotellrestauranten hadde ok, dyr mat. Smakt betre, for så mange euro. Servicen der var ok.
Vi har fått gratis trådlaust Internett på alle hotella. Ymse kvalitet på styrke og stabilitet. Men faktisk større tilbod enn eg venta meg.
----
Film på TV er ei sær oppleving. Sandra Bullock, Sunderland mfl snakka flytande fransk... Blei underhaldande filmkveld for nokre dagar sidan. Desse to med mange fleire i ein film om rasehat mm i sørstatane. Reisefølget mitt hadde levande skildring over ka dei eigentleg sa til kvarandre. Og som i livet er det av og til forskjell mellom det som blir sagt og det som dei tenkte/meinte. Å tippe det dei burde ha sagt, var ganske morsomt.
1 kommentarer:
Morsomt å lese, følger dere fra sted til sted, og kjenner meg igjen både her og der. Ikke minst i forhold til fransk frokost, og maange borger og katedraler! God tur videre, håper dere finner noe i Nice. Er vel ikke d letteste stedet uten å ha bestilt.. Lykke til!
Legg inn en kommentar