Vi drog i alle fall til Cannes. Brukte GPS som før: Vis vegen til parkeringshus. Og det gjorde turen i Cannes heilt fin. Vi spaserte langs stranda. Såg dyre båtar. Tok bilete i rett trapp. Kikka i dyre butikkar. Og fotograferte. Å sjå og bli sett. Og finne ein spisestad som har ope på dei rare tidene vi er svoltne. Det er forbode i Frankrike å ha lyst på mat mellom kl 1430 og 18. Men heldigvis fins det nokre syndarar der ute så vi fekk i oss litt ok mat. Men ikkje så god som dei syndfrie lagar...
Tilbake på hotellet. Eg hadde tenkt å lese, dei andre bade. Men dei kom slukøyra utan å vere våte. Det var litt vel mange som hadde drege med seg Cannes-syndromet, sjå og bli sett, til bassengkanten. Reisefølget mitt likte ikkje å vere på utstilling.
0 kommentarer:
Legg inn en kommentar