tirsdag 19. juli 2011

Ein roleg dag i Lyon

Det var dette med hotellfrukostar til kl 10.. Pesande fann vi fram kl 0956.. Ikkje det at sukra frukostblanding og croissant er det eg gler meg mest til kvar morgon. Men litt kaffi og litt i magen hjelper.
Vi kasta oss på ein guida buss i dag. Ville få litt oversikt over byen og litt historie. Bussturen var fin, men øyreproppane til å lytte på engelsk tale, var nok av laber kvalitet for det var vanskeleg å få med seg det som blei sagt. Turen tok vel timen. Etter planen skulle vi spise litt og så kome oss opp for å sjå på den flotte katedralen meir grundig. Men så var det franskmenn og lunsj... Dei stengjer matstadene seinast kl 1430... Du får kjøpt mat i butikk og langs vegen, men altså ikkje lett å få sett seg ned for å nyte. Dei opnar igjen i 1830-tida.

Då ville ungdommen at vi skulle kjøpe mat og gå heim for å ete. Som sagt så gjort. Og der slokna ungdommen medan vi gamle surfa på nettet. Heilt til vi kom den geniale ide at det jo var TV på rommet og Tour de France. Vi fekk med oss siste klatreetappe og innspurten. Veldig spennande. Særleg når vi ikkje forstod ka dei snakka om på fransk TV. Det einaste vi forstod var at Contador var eit namn som var viktig. Det blei sagt ein del gonger. Heldigvis hadde eg TV2-appen som kunne fortelje oss kven som stakk. Skikkeleg spennande innspurt! Vi angra litt på at vi ikkje hadde tatt overnattinga i Gap. Då hadde vi fått med oss innspurten. Men vi kjørte til venstre i eit kryss i staden, og dermed blei det Lyon. Og så lite som vi forstår av trøyefarge og kven som er kven, så var det kanskje like godt.
Er husveggen trist? Mal eit liv der vel.

Begynte forresten å lure på arkivsystemet til fransk politi. Ut frå politistasjonen kom politi med papirmengder så store at dei brukte esker. Vi trudde først det var razzia, men oppdaga at det var politistasjonen så det verka jo rart. Men kven veit. Byen er hovudsete for Interpol. Greit å vite ikkje sant?
Det blei altså ingen ekstra tur til katedralen på oss. Men ein bytur for å spise. I går var det kvit duk og fransk. I dag var det papir og italiensk.
I morgon er det eit steg nærmare Paris og heimreise.

0 kommentarer: