Første mål var å sjå landsbyen vi budde i, Valbonne. Her såg det vakkert ut, men vi sleit med å finne parkeringsplass, så vi tok ein "Pentagon" (dei som har lese om USA-reisa i 2010 forstår kanskje den ;)).
Men ein flott tur og eg fekk med meg Point Sublime. Gav meg skikkeleg sug. Ser dei kan gå ned kløfta herifrå...
| Point Sublime |
Vi møter mange menn på sykkel i desse bratte bakkane. Kanskje er det Tour de France som inspirerar?
Franskmenn er forresten råflinke på rundkjøringar. Dei er så vakre, men det er ganske mange av dei... Og alt maset om bomavgifter i Noreg, kjør i Frankrike. Her er det bom på bom på bom...
Nå er vi i Sisteron, eller litt utanfor. Enkelt hotell, men reint og fint. Ungdommen trur vi er aleine her. Syns det er litt på kanten. Temperaturen fortel at vi er i fjella. Under 20 grader. Kaldt for sommarvarme kroppar.
I morgon blir det Lyon, trur vi. Men om det blir over fjellet via Grenoble eller er ein annan veg, har vi ikkje bestemt oss for enno.
0 kommentarer:
Legg inn en kommentar