lørdag 16. juli 2011

Lilleputtlandet Monaco

Vi hadde fått mange tips om at det var veldig vanskeleg å kjøre i Monaco så vi bestilte ei natt til her i Valbonne. Kom oss i bilen og kjørte til Nice for å ta toget til Monaco. Då såg vi at toga til Monaco kom fra Grasse og Cannes. Altså kunne vi kasta oss på toget før. Men no hadde vi fått taket på parkeringshus i byar og fiksa det i Nice og.
Toget til Monaco går i fjellsida med flott utsyn til blått hav, flotte båtar og badeliv. Stappfullt tog. Ikkje alle skulle til Monaco, men hoppa av ved badebyane.

Men Monaco -here we come-. Varme begynte vi å vandre rundt. Såg fort at det var eit turisttog som frista. Å gå rundt i dette vesle landet når temperaturen er over 30, var ikkje akkurat draumen. Det var jo eit par bakkar. Trass alt er det her rally Monte Carlo foregår. Turisttoget var tingen. Vi vandra til Musee Oceanographique. Der starta tøffetoget. Kjempegrei måte å få sett det meste på. Casinoet, lekre bilar, parkar, fyrsteslottet, bygatene osb. Vi hadde ingen planar om å hjelpe Rainer eller Albert med pengar så det blei ikkje kasino på oss. Og sidan Albert ikkje er ungkar lenger, var det jo liten vits å gå rundt og gjere seg lekker heller.

Ein plass må jo lilleputtfyrsten bu
Er i grunnen eit merkeleg land. Knøttlite, men med verdas eldste fyrsteslekt på same trone. Ikkje skatt og ikkje arbeidsløyse. Det kan jo vere ein draum, men trur eg har lese noko om at dei innfødde kjenner seg pressa ut av rikingane. Men det veit eg lite om. Landet er 1,98kvkm og har ca 36.000 innbyggjarar. Og for å få plass, må dei bygge i høgda. Tett i tett. Det er ein politi pr 500 innbyggarar. Og overvakingskamera overalt. Er dette draumen???

No var det gjort. Greit å ha vore her, men ikkje på "eg vil tilbake"-lista. Tog til Nice igjen. Og ingen handel der heller. Vi var sveitte, varme og trøytte. Ville til Valbonne igjen
Men vi er ikkje sikre på om alt vi les og høyrer om at det er vanskeleg med bil i Monaco, er rett. Kanskje viss du vil bruke den til å frakte deg rundt, men det var mange parkeringshus.
I kveld satsar vi på næraste restaurant. Den har fått god kritikk så kanskje det blir fransk fryd i kveld.
 
I morgon er det ut på vegen igjen. Truleg Gorges du Verdon området. Var så heldig å treffe elevar midt i Monaco. Og dei reklamerte varmt for området.

0 kommentarer: