Vakna til ein vakker dag. Temperaturen minna kanskje om ein vestnorsk sommardag, men vi var trass alt i fjella. Truleg 4-500 moh, med fjell opp mot 1700 rundt oss. Og høgare skulle dei bli.
 |
| Gatemusikantar i Lyon |
Turen i dag gjekk gjennom fjellpass og nydeleg fjellsletter. Arkitekturen blei etterkvart annleis. Vi syns det minna meir om bileta frå sveitsiske alper, men vi var jo i dei franske så det var kanskje ikkje så rart. Fjella er skikkeleg bratte og fasinerande. Enormt mykje campingvogner på tur. Heldigvis hadde dei vit til å kjøre av vegen i blant.
Undervegs såg vi skilt om at Tour de France skulle kjøre på desse vegane mellom 13-17 i morgon. Vi har levd heilt utan tanke på Touren. Ikkje sett TV og ikkje spora opp showet. Det hadde sikkert vore kjekt, men men.
Etter 3 timar var vi i
Lyon. Hotellet har ein fascinerande fasade:
qualys axotel perrache. Ein spasertur unna var ei lang, lang gågate. Vi skulle prøve å handle. Litt lunsj, is, plaster og allergitablettar var utbytte. Og alle kvinner likar å handle? Hm. Vi stod visst i feil kø den dagen det genet blei delt ut. Vi får heller teste ut gourmetbyen Lyon.
 |
| Vi budde i den lilla etasjen |
No er det litt kvalitetstid i senga med iPad, PC og iPhone i fanget. Vi er litt nettfreakar alle tre. Og nett var det enkelt å få tak i på alle rom. Gratis. Kvalitet har vore ymse, men stort sett veldig bra. Det einaste dei syns er rart er at vi treng 3 koder der det er slik at bare ein maskin kan vere på ein kode om gongen. Det er visst ikkje vanleg at heile familien surfar. Men det fiksar seg alltid.
Temperaturen er ca 25grader. Deilig.
0 kommentarer:
Legg inn en kommentar