fredag 8. juli 2011

Vi nærmar oss Paris....

Vi begynte å få ei kjensle av at noko ikkje kom til å gå etter planen, då første melding om at Lufthansa til Frankfurt var 40 min forseinka. Så kom 60 min... Vi drog no ut til Sola. Det blei lang ventetid. Flyet gjekk 1t etter skjema. Stappfullt. Flyturen var fin. Grei mat og drikke gratis. Men vi forstod fort at flyet til Paris måtte vere litt forsinka om vi skulle kome oss dit.

Og ganske riktig: ved landing, opplyste kapteinen på dårleg høgtalarengelsk at folk som skulle vidare til Zürich, Aten, Torino ...., Paris... måtte ta kontakt med Lufthansa service ved landing for omregistrering av billett.

Vi av flyet, kjørte l-a-n-g busstur rundt på flyplassen før vi kom til ein terminal. Der stod vi forvirra. Ingen visste kor dei skulle gå. Ingen info var det. Nærmaste Lufthansaskranke var stengt. Her var det ikkje tenkt at folk skulle fikse dette enkelt. Tysk disiplin mangla jo heilt... Vi spurte, ingen visste. Vi gjekk og gjekk. Omsider fekk vi eit svar frå ein utgang. Blide lufthansafolk prøvde å forklare vegen jorda rundt for oss. Og vi vandra igjen. Blei usikre då det viste seg at vi skulle ut av terminalområdet, men ok. Omsider fann vi billettkontoret. Der var det kø... Vi blei sendt ei etasje ned. Der gjekk folk heim frå jobb. Lysteleg stemning. Men omsider fekk vi kontakt, nye flybillettar til kl 0715. Og hotellrom.

Lang ventetid på hotellbuss, men omsider kom vi fram. God middag venta og gode rom. No gjeld det bare å sove nokre timar og satse på at Avis har bil til oss i morgon og.

Vi er i alle fall på veg :)

Og Frankfurt og Lufthansa strauk til eksamen. Uproft og rotete service. Men blide var dei.

0 kommentarer: