fredag 15. juli 2011

Vive la France! Men kor er fyrverkeriet?

Vi er heilt i feriemodus. Vaknar seint. Så vidt vi rekk frukost før 11. Og det er ikkje bare smart i eit land der dei ikkje serverer mat heile tida. Til dømes har vi ikkje funne ut når dei et måltidet før middagen. Lunsj? Det er eit tomrom ute på byen. Vi får med glede servert drikke, men ein pizza kl 16 er umuleg. Altså ka gjer livsnytarar mellom frukost og middag?
Etter frukost var det tid for solbading ved bassengkanten. Vi var jo litt småbarske og smurte med ein 8-er. Det var det vi hadde i skapet heime. Litt symjing, men mest solbading i dei to timane vi spanderte på kroppen. Resultatet var kroppar med sterke innslag av to av nasjonalfargane. Blåfargen får havet ta seg av...

Men no var vi svoltne. Så kor finn vi mat? Inn til sentrum og finn ein bakar med godt utval. Og jammen viste det seg at vi kom i perfekt tid for ein liten parade. Først militæret og dei ulike greinene, så kom dei samfunnsnyttige: brannvesen, politi og raudekrossen. Eg venta på lærarane, men dei hadde vel ikkje tøffe nok uniformar.




Vi vandra i ein nyare del av Aix. Og fann Grand Theatre du Provence. Eit fantastisk flott bygg som vi kunne takvandre på.
Langs vegen møter vi stadig lukta av lavendel. Store buskar med deilig lukt.

Etterpå drog vi heim. Det skulle vere fyrverkeri kl 22 og det ville vi ha med oss. Altså måtte vi tilbake til Aix om kvelden. No var smågatene fulle av spisestader. Dette var tida for middag. Vi fann ein indisk. Herleg mat og eg drakk indisk øl for første gong trur eg. Godt.


Etter måltidet var det å kome seg til Rotonde, altså den største fontena. Denne var tom for vatn og skulle brukast til å sende opp fyrverkeri frå. Det var eit flott lysshow i fontena, fin musikk frå høgtalarane. Dei er flinke med klassisk her til lands. Vi venta og venta. Syntes folk fekk stå vel nære fontena med tanke på fyrverkeriet, men franskmenn er franskmenn. Spurte ei dame om det ikkje skulle vere fyrverkeri. Jo, kl 22, men det er fransk tid, så du veit aldri, sa ho. Kl 2230 syns vi at mange gjekk, men mange kom jo og, så ka var dette? Det kom folk som begynte å rigge ned musikkanlegga. Det var jo smart syntes vi, sidan rakettane skulle skytast opp like ved. Heldigvis var det nokre som ante uro og spurte. Fyrverkeriet var avlyst pga av vinden (den var ikkje direkte kraftig) viste det seg. Det var visst blitt opplyst ein gong i løpet av kvelden, men ein del tusen oppfatta altså like lite fransk som oss. Dårleg informasjon. Vi traska flirande til bilen. Heim for å pleie brent hud.

I morgon er det ut på vegane igjen. Det er sikkert raudfargen min glad for.

0 kommentarer: