![]() |
| Santa Maria del Fiore |
Det første eg gjorde, var å kjøpe to nye skinnjakkar hjå BiBi. Gjekk rett på ein marknad med mykje spennande.
![]() |
| detalj kuppel |
Kuppelen er den største i si tid. Den er bygd utan stillas. Det er eit indre fundament som held oppe det ytre. Det kan du sjå på vegen opp.
Battistero (dåpskapellet) er truleg frå det 4.århundre. Her er mange berømte bysbarn døpt. Til dømes Dante. Den berømte døra til Lorenzo Ghiberti finn du her. Den var bestilt for å markere at Firenze endeleg var fri for pesten i 1401.
Området rundt domen er triveleg og vel verd å vandre i. Her finn du fine handlestrøk, mindre smågater og stadig vekk historie. Dante vaks opp og levde livet sitt like i nærleiken. Eg fekk ikkje tid til å besøke barndomsheimen hans, så det står på lista til neste gong.
Vi måtte jo vandre til Ponte Vecchio første dagen. Brua alle har bilete av. Namnet tyder gamlebrua og er den eldste brua i byen. Bygd i 1345 og den einaste som ikkje blei sprengt under 2.verdskrigen. Det har alltid vore verkstader på brua. Slaktarar, garvarar og smedar blei flytta herfrå i 1593 pga all stanken og lyden. Etter det kom gullsmedane. Og dei er der enno. Vil du bruke mykje pengar på gull og glitter er det bare å slå til her. I følge bøkene er det i solnedgang ein skal nyte brua. Då var vi på Uffizi. Men neste gong...
Like ved brua ligg altså Uffizi. Verdas eldste kunstgalleri. Her er mykje av Medicifamilien sin kunstskatt samla. Her er mange av dei kunstverka vi har beundra i bøker. Venus fødsel (Botticelli). Den heilage familie (Michelangelo). Venus av Urbino (Tizian)... Vi blei etterkvart ganske metta av inntrykk. Her bør ein kanskje ta for seg litt om gongen.Rett ved sida av er Piazza delle Signoria. Her har originalen av David (Michelangelo) stått. No står bare kopien. Originalen finn vi i Accademia. Men staden er verd eit besøk sjølv om det er kopien som står det. Vi gjekk seinare til Accademia for å oppleve David. Og det var vel verd eit besøk. For ei fantastisk flott statue!
![]() |
| restaurant med sjel |
Om kvelden åt vi på Trattoria Garga. Ein plass med humor. Adresse:Via del Moro 50/52R.
Det oppleves fredeleg å vandre i byen om kvelden.
Neste dag drog vi vidare til Cinque terre for å kome tilbake litt seinare. Litt godt å la alle desse inntrykka få kvile litt før vi fylte opp med fleire sterke inntrykk.
---
Då vi kom tilbake, låg vi på eit nytt hotell. Like sentralt. Hotellet var gamalt og eg må innrømme at det kribla litt i lyst til å pusse det opp. Skråsikker på at det har potensiale til å bli kjempekoseleg. Men så har jo ikkje italienarane så mykje pengar. Og vi vil jo bu billig. Hotel La Gioconda i Via Panzani 2. Dei tilsette greie. Internettet verka ikkje på rommet vårt. Men greit ute på gangen. Trur dei gamle murveggene gjer det litt vanskeleg med moderne strålingar.
Denne gongen skulle vi studere Domen litt meir, innom fleire kyrkjer: San Lorenzo (Medicifamilien si soknekyrkje. Her er det arbeid av Michelangelo. Kyrkja er bygd av Brunelleschi) og San Marco (Eit dominikanerkloster som no er museum. Religiøs kunst av Fra Angelico. Klostercellene er vel verd besøket)![]() |
| Detalj grav |
![]() |
| Ristorante Paoli |
![]() |
| detalj |
Å reise til Firenze i oktober var perfekt. Fin temperatur og passe med folk. Det er plass både ute og inne på spise/drikkestadane. Og som alltid i Italia: God mat og god drikke. Vi fann ein liten spiseplass med blanding av restaurant og take-away som vår vesle stamplass. Hugsar diverre ikkje namnet. Men det var mange slike.
Fleire bilete finn du på denne sida
--
Bøker brukt før og under reisa:
- Firenze - lommeguide med kart (Gyldendal)
- Firenze og Toscana (Gyldendal)
- Makt og verdighet av Bjartveit og Eikeset (Cappelen)
- A Room With A View (film)







0 kommentarer:
Legg inn en kommentar